Sakte opplevingar for sesongen 2012
bakka3

Dagstur – Strandhugg i Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er ein av verdas vakraste fjordar! Fjorden ligg i vestnorsk fjordlandskap, og er på UNESCOs verdsarvliste. Vi tar turen inn fjorden med båt, og går i land undervegs. Vi tar oss opp til eit klyngjetun og får både lunsj og historifortelling frå bygdevert.

780moh

Dagstur – stølsbesøk til Hovdungo, 789 moh

Langs Aurlandsfjorden, langt oppe i dalsida, ligg høgdegarden Li. Her bur bygdeverten Gry som skal ta oss med til stølen Hovdungo (789 moh.). Me følgjer den gamle buførevegen og ser på gammal slåttemark, styvingstre, kolminer og joar.

hovdungo

3 dagar i verdsarvområdet

Ta Sansane i bruk! Vi byr på opplevingar i verdas vakraste fjordlandskap. Kulturlandskap, geologi, historie og lokal mat er viktige element på turane. Vi vandrar opp på ei gamal støl og får med oss spektakulær utsikt på vegen, vi kjører båt inn Nærøyfjorden, og går heile Flåmsdalen ned frå Myrdal til Berekvam, kor Flåmsbana ventar. [...]

dyrdal

5 dagar i Nærøyfjorden Verdsarvpark

Ta deg tid til dei beste natur- og kulturopplevingane i verdsarvområdet! Frå Bergen går turen til Flåmsdalen. Du får sykle Rallarvegen, lage tradisjonsmat i eldhus, gå på vandretur med bygdevert og ta turen i båt inn Nærøyfjorden. Turen er spekka med naturopplevingar.

Dag 5: Me startar vandeturen på Myrdal stasjon.

Vandreveke i det vestnorske fjordlandskapet

Me skal vandra i noko av verdas vakraste fjordlandskap: Frå høge fjellplatå og gjennom ville, vakre dalar ned til fjorden. Dette er ei veke av dei heilt sjeldne, og for dei som særleg likar å gå i fjellet.

Nyheter

Gratis basiskurs i vertskap

Torsdag 12.april arrangerer Nærøyfjorden Verdsarvpark  basiskurs i vertskap. Håpar at mange tilsette frå ulike verksemder i Aurlandsregionen ynskjer å delta. Dette er eit viktig kurs du ikkje vil gå glipp av!

Målet med basiskurset for vertskap er å gje dykk ein smak av og ein interesse for kvalitetane i Aurlandsregionen og verdsarvområdet. Kurset skal og inspirere til refleksjon og auka medvit om vertskapsrolla og kva godt vertskap er.

For meir informasjon om kurset og påmelding – klikk her.

 

Interpretasjonskurs på Fretheimshaugane

Få med deg interessant kurs om interpretasjon – noko alle Saktemedlemar med utadretta kommunikasjon mot besøkjande vil ha nytte av.