Aurlandskoen

aurlandsko1.jpeg

Historia om Aurlandskoen starta tidleg på 1900-talet.

Ein heimvendt eventyrar kom attende frå USA og starta snøgt eige verkstad der han byrja å lage sko etter lokal tradisjonar, men med inspirasjon frå mellom anna indianarane sine mokasinar.

Aurlandskoen har fått namnet sitt etter bygda Aurland, der Aurlandskoen først ble laga. Den er kalla den originale penny loaferen fordi denne modellen ble første gang laga i Aurland kring 1908.

Opplevingssenter

Produksjonen av Aurlandskoen skjer framleis i Aurland. Ikkje berre vert skoen laga på ein av dei siste skofabrikkane i landet, men historia, kvaliteten i materiale og handverket er unike. Læret som vert nytta er handplukka, for skinnkvaliteten er essensiell for skoen. Sydd saman i ein sjølvberande konstruksjon, utan fôring eller støttedelar, må lær og design jobbe saman og forme skoen som skal ta imot kvar unike fot.

Aurland Skofabrikk er og eit  visningssenter kor ein får formidla historia og kunnskapen om handverket, oppleve prosessen frå skinn til ferdig sko. Her kan ein sjå skomakaren i sitt arbeid. Gratis inngang for enkeltpersonar og mindre grupper. Omsyning for grupper (min 12 pers) er tilgjengeleg på førespurnad.

Fabrikkutsal

Me har og eit fabrikkutsal kor ein kan handle sko, veske, belte og andre skinn produkt til ein nedsett pris.

 

Vår nettbutikk: https://www.visitflam.com/no/the-aurland-shoe/nettbutikk/

 

Aurlandskoen
Odden 13
5745 Aurland
T: 57 63 32 12
Epost: post@aurlandskoen.no

Facebook / Instagram:

 

Galleri

opplevingarGasta Design