Sogn Jord- og Hagebruksskule Gardsbutikk

Skulevegen 8, ca. 750 m frå Aurland sentrum

I gardsbutikken finn du eit breitt utval av økologiske daglegvarer og gåveartiklar. Vi har også gartneri med sal av blomstrar, oppalsplanter, hageutstyr og mykje meir. Gardsbutikken ligg på tunet til landets einaste heiløkologiske landbruksskule. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs. Gjennom sesongen tilbyr vi grønsaker, frukt og bær produsert ved SJH. Vi foredlar varer som til dømes honning, eplesaft og meieriprodukt i eige ysteri. Alt økologisk, sjølvsagt. Vi sel dessutan mykje frå andre lokale bedrifter, som is, kjøt, sjokolade, hudpleie og ullprodukt. Hos oss finn du noko for ein kvar smak og anledning – heile året!

Opningstider:

Måndag–onsdag 11–16
Torsdag–fredag 11–17
Laurdag 11–14

2018-05-18+15.22.33-1.jpg
 

Skulevegen 8
5745 Aurland

Gardsbutikken
57 63 71 45
Gartneri
57 63 71 44

www.sjh.no

Facebook / Instagram: