Bestill lokalmat frå lokale produsentar i Aurland
Her finn du ei oversikt over lokale produsentar i Aurland kommune som tek imot førespurnader frå bedriftskundar. Dette gjeld til dømes hotell, restaurantar, kafear, overnattingsstader, aktivitetsbedrifter, butikkar og arrangørar.
Sida er meint for større enkeltbestillingar, mat til arrangement, varer til vidare sal og andre førespurnader frå verksemder. Privatkundar kan ikkje bestille gjennom denne sida.
Klikk på Start bestillinga for å opne ein ferdig utfylt e-post og sende førespurnad direkte til produsenten.
Klikk på produsentnamnet for å lese meir om produsenten, produkta og kontaktinformasjon.
Haugen Gardsmat. Spekemat og foredla kjøtprodukt. Start bestillingen
Undredal Stølsysteri SA. Kvitost og brimost. Start bestillingen
Li Gardstun. Spekemat, blåmuggost, kvitmuggost. Start bestillingen
Gardsbutikken og Gartneriet i Aurland. Grønnsakker, meieriprodukter. Start bestillingen
Skjerdal Stølsysteri & Kafe. Geitost, stølsmat og kafémat. Start bestillingen
Marianne bakeri & kafe. Brød og andre bakevarer. Start bestillingen
Marianne bakeri & kafe
Lokalt bakeri og kafé i Aurland med ferske brød og bakverk. Her finn du mellom anna speltbrød, surdeigsbrød, focaccia, havrebrød og andre bakevarer.
Produserer/tilbyr: Speltbrød, surdeigsbrød, focaccia, havrebrød, firkornbrød og andre bakevarer.
Skjerdal Stølsysteri & Kafe
Lokalt stølsysteri og kafé i Skjerdal, om lag 7 km frå Aurland. Her får du ei unik oppleving av geiter, ystetradisjonar og smak av stølskost. Frå Skjerdal kan du gå til stølen på om lag 25 minutt.
Produserer/tilbyr: Geitost, stølsmat og kafémat
Gardsbutikken og Gartneriet i Aurland
ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Økologisk gardsbutikk i Aurland med lokalmat, grønsaker, frukt, bær og foredla produkt frå garden. Butikken har også varer frå andre lokale produsentar, gåveartiklar, plantar, blomar og hageutstyr.
Produserer/tilbyr: Økologiske grønsaker, frukt, bær, honning, eplesaft, meierivarer frå eige ysteri som yoghurt, kremost og surmjølk, plantar
Vi har eit vareutval som blir oppdatert kvar veke, så send oss gjerne ein e-post dersom du ønskjer å få veketilboda våre.
Li Gardstun
Li Gardstun ligg ved Liavegen, om lag 3 km frå Aurland sentrum. Garden produserer spekemat av eigne lam, i tillegg til blåmuggost og kvitmuggost. Dei tilbyr også guida turar til stølen Hovdungo, med lokal mat og historier frå natur og kultur i området.
Produserer/tilbyr: Spekemat av lam, blåmuggost, kvitmuggost, lokalmat og guida stølsturar
Underdal Stølsysteri SA
Ysteri i Undredal der osteproduksjon er ein levande del av bygda og verdsarven. Tre familiar står bak stølsysteriet, som lagar kvit og brun geitost av rå mjølk frå eigne geiter. Ostane blir ysta i sesongen frå februar til oktober, med lange handverkstradisjonar og lokal råvare i sentrum.
Produserer/tilbyr: Kvit geitost, brun geitost, spekepølse av geit, kjekjøt og annan lokalmat
Haugen Gardsmat
Haugen Gardsmat er ei lokalmatbedrift frå Haugen Gard i Flåm. Her blir kjøt frå garden, fjellheimen og nærområdet foredla til tradisjonsrik lokalmat, laga med omsyn til naturen og gamle mattradisjonar.
Produserer/tilbyr: Spekemat og foredla kjøtprodukt av høgfjellslam, kje, rein, svin, storfe og hjort