Lokal mat
Maten som blir servert gjennom SAKTE er produsert her.
Ost, spekemat, kjøt, fisk og øl kjem frå lokale produsentar som kjenner råvarene, sesongane og landskapet dei arbeider i.
Smakane er tett knytte til staden og tradisjonane som har vakse fram over tid. Samstundes blir dei forma av nye idéar og eit ønskje om å bruke ressursane på ein varsam og gjennomtenkt måte. Når du vel mat gjennom SAKTE, vel du meir enn eit måltid. Du støttar lokal verdiskaping, berekraftig busetnad og eit levande kulturlandskap i verdsarvområdet.
Dette er mat som tek tid – og som smakar av både stad, historie og menneske.
Featured
Glassblåseri og galleri i Aurland sentrum
Lagar kunstglass for sal til private og bedriftsgåver på bestilling. Prøve glasblåsing?
Økologisk Gardsbutikk med eigenproduserte økologiske grønsaker, frukt, ost, blomster og godt utval av daglegvarer
Produserer spekemat av eigne lam. Guide på turar til stølen Hovungo, med lokal mat og historier om natur og kultur i området.
Få ein smak av den spektakulære naturen vår gjennom heimlaga kjøtvarer, tufta på tradisjon, kvalitet og samspel med naturen. Varene finner du i lokale butikkar og restaurantar.
Produserer kvit og brun geitost av mjølk frå eigne geiter. Du finn osten lokalt og i spesialforretningar.
I Skjerdal 7 km langs fjorden frå Aurland.
Velkommen til ei unik oppleving av geiter, ystetradisjonar og ein smak av stølskost. Frå Skjerdal er det ein fintur på ca. 25 min å gå til støls! Overnatting i sommarhuset «Bygningen» ved fjorden.