Aurlandskoen

aurlandsko1.jpeg

Aurland Skofabrikk fører vidare ei unik handverkshistorie med røter attende til tidleg 1900-tal. Då ein heimvendt eventyrar tok med seg inspirasjon frå USA og kombinerte denne med lokale tradisjonar, oppstod grunnlaget for det som i dag er kjent som Aurlandskoen.

Skoen har namn etter Aurland, der han først vart laga kring 1908, og blir rekna som den originale penny loaferen. Designet er inspirert av mokasinar, men vidareutvikla til ein tidlaus klassikar som har fått internasjonal merksemd.

Produksjonen skjer framleis lokalt, ved ein av dei få attverande skofabrikkane i Noreg. Her blir det lagt stor vekt på materialkvalitet og tradisjonelt handverk. Læret blir nøye utvalt, og skoen blir sydd i ein sjølvberande konstruksjon utan fôr eller støttedelar. Det er samspelet mellom materiale og design som formar kvar sko – og gjer at han tilpassar seg den enkelte fot.

Skofabrikken er også eit ope visningssenter, der ein kan oppleve prosessen frå rått skinn til ferdig sko. Her blir historia og handverket formidla, og det er mogleg å sjå skomakaren i arbeid. Det er gratis inngang for enkeltbesøkande og mindre grupper, medan omvising for større grupper kan avtalast på førespurnad.

I tilknyting til fabrikken finst eit eige fabrikkutsal, der ein kan finne sko, vesker, belte og andre skinnprodukt.

For dei som ønskjer å handle heimanfrå, er det også mogleg å bestille via nettbutikken.

 

Aurlandskoen
Odden 13
5745 Aurland
T: 57 63 32 12
Epost: post@aurlandskoen.no

Facebook

Instagram

Bestill her

 
 
opplevingarGasta Design