Steinbergdalshytta

Høgt til fjells i Aurlandsdalen, 1070 meter over havet, ligg Steinbergdalshytta – ei historisk turisthytte med røter heilt tilbake til 1895. Omgitt av storslått natur og ope fjellandskap er hytta ein stad der ein kan finne ro, nærleik til naturen og nye matopplevingar.

Her blir gjestene møtte med varm gjestfridom, heimelaga mat av lokale og økologiske råvarer og unike rammer for sakte opplevingar i fjellet.

Hytta har 50 sengeplassar fordelte på 16 rom og ein gamal steinbu med eige ildsted og senger med reinskinnsoveposer. Her er det romslege stover, rustikk hyttekos, og i den store spisesal en samler vi alle gjester rundt langbord til middag

Atmosfæren og den lange historia gjer at mange gjester omtalar Steinbergdalshytta som ein destinasjon i seg sjølv. Området er ideelt for fotturar i ulik lengd, ørretfiske, teltovernatting, stiløping og småviltjakt. Vinterstid er terrenget godt eigna for fjellski, rolege toppturar, trugeturar og isfiske.

Steinbergdalshytta ligg om lag halvvegs på vandreruta mellom Finse og Vassbygdi, og er lett tilgjengeleg både til fots og med bil eller buss.

Hytta er open i påska og frå midten av mai til midten av oktober. Men Steinbergdalshytta er ein spanande plass året rundt. Vil du oppleve mørke, stille og stjernehimmelen du hadde glemt, eller kanskje uver og stengd veg kan du avtale et opphold også i lågsesong.

 

Steinbergdalshytta

Besøksadresse:
Stemmerdalsvegen 3, 5745 Aurland
Postadresse: postboks 27, 5741 Aurland

Eier: Solveig Kvakestad
Telefon: 46287352
E-post: post@steinbergdalshytta.no


https://www.steinbergdalshytta.no/

https://www.facebook.com/Steinbergdalshytta

https://www.instagram.com/steinbergdalshytta/

 

Galleri